tirsdag 1. juli 2014

Vaskeklut

Eg er medlem av ei strikkeside på facebook, 
og der såg eg Tove Fevang skulle legge ut klutoppskrifter kvar søndag i ferien.
Eg såg innom bloggen hennar, og satte igong med klut nr.1.

Og igjår(altså litt over ei veka bruka eg) vart eg ferdig.
Garnet er bomullsgarn frå søstrene grene, og har ein fin babyblå-farge(som ikkje går ann å ta bilete av :( ).
Liknar mest på nedeste bilete...

Fint og enkelt mønster


Eg strikke nok laust, for la opp kun 69 masker, i staden for 89. 
Blei likevel vel 30 cm brei :)

Kanskje eg prøve meg på ein ny klut seinare i sommar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar