mandag 31. august 2015

Endå eit kort

Så var det kort til ein konfirmant! Ikkje så avansert,men koselig...ikkje visste eg at så mange av knappane mine såg ut som blomar.

torsdag 27. august 2015

Bursdagskort

Når me ikkje har kjøpt presang før lillebror skal i bursdag,så lage eg kort med pengeballongar :) håpe mottakar godtar det ;)

søndag 9. august 2015

Bærpai

Idag igjen har me laga verdens enklaste bærpai. Oppskrifta fann eg idag på studmat.no og paien blir knallgod!!
400 g frosne bær
300 g smelta smør
6 dl havregryn
3 dl kveitemjøl
3 dl sukker

Tøm bær i paiform. Rør saman resten av ingrediensene og tøm over bæra.
25 min på 200 grader...og så nyt,med vaniljesaus eller is til :)

Ha ein fin kveld! :)

mandag 27. juli 2015

Nesflaten-kofte

Sist eg var heima,kom me i snakk om kofter,og eg sa det hadde vore løye om der var Nesflaten-kofte. Mor sa at det trudde ho der var,og på koftegruppa på facebook fann eg mønsteret.
Denne er strikka opp,og sydd i erme etterpå,men eg har eit håp om å finna passeleg rundstrikka kofte,og sette dette mønsteret inn.
Her har eg perla mønsteret i andre fargar,og med dottera sine perler :)
Håpar eg får spøta denne ein gong.

onsdag 1. juli 2015

Eit glimt av sommar

Idag har me endelig fått litt sommar her på vestlandet. Temperaturen har stege betraktelig, tærne får lufta seg, og snøkvit hud slikke i seg varme stråler frå sola.
Sjølv har eg hatt seinvakt på jobb, men nåreg kom heim fekk min nye sommarkjole lufta seg...deilig.
Nå burde eg vore på trening,men kan jo ikkje gå inn på treningsstudio i slikt fint ver.
Kanskje ein tur i kveldssola heller...

søndag 28. juni 2015

Tuttesnor med hovudskallar

Kanskje ikkje ein typisk søt tuttesnor,men eg har ei kollega som er glad i hovudskallar,så då måtte eg berre.
Mulig ann ikkje blir brukt ,men gøy likevel :)
Syns du det passa til ein søt gut?

torsdag 25. juni 2015

Ugleflokk

Mine fine kollegaer fekk kvar sin liten sommerugle. Eg har jobba med tre fine damer etter nyttår,og i august skal eg bytte avdeling. Så då blei det ei lita ugle til kvar :)

torsdag 11. juni 2015

søndag 7. juni 2015

Hjerte-bordskåner

Eg leita på pinterest her ein dag,og der kom eg over desse fine bordskånerane. Eg har foreløpig berre hekla ein, men eg treng fleire :) Var dei ikkje fine?
Eg har brukt Mandarin petit og heklenål 3,5.

lørdag 6. juni 2015

Forvirra ugle

Etter fest igjår, har eg hatt ein rolig dag,og denne litle forvirra ugla kom til verden.
Eg lage muligens ei til idag. :)